Login
 Fyll inn brukerdata:

Login Avbryt

dropp
Lagt til av Jan-Idar Lørdag 20. November 2010 17:56:11

21 oktober fekk Bergen ein ny skibutikk.

Dropp er butikken for skientusistart og har mykje spennande utvalg av ski og klede. Du vil også finne eit utvalg av laushel sine beanies der :) Vi gratulerer dei med ein super butikk og ønsker dei lykke til framover.

Ta turen innom i Øvre Korskirkealmenningen 6.

Del   


laushel bigbeanies
Lagt til av Jan-Idar Tirsdag 9. November 2010 23:06:10

Vi har utvida vår kolleksjon med bigbeanies.


marrón
Hekla beanie i mjukt deilig garn. Beanien er handlaga av laushelteamet, dette gir den ein heilt unik utsjånad. Ingen vil ha ei beanie nøyaktig lik din. Marrón er trestripet og baggy i utføringa med dusk i toppen. Ein herlig sjokoladedrøm :)



verde
Hekla beanie i mjukt deilig garn. Beanien er handlaga av laushelteamet, dette gir den ein heilt unik utsjånad. Ingen vil ha ei beanie nøyaktig lik din. Verde er trestripa og baggy i utføringa med dusk i toppen. Ei kul beanie for den litt meir avslappa.



amarela
Hekla beanie i mjukt deilig garn. Beanien er handlaga av laushelteamet, dette gir den ein heilt unik utsjånad. Ingen vil ha ei beanie nøyaktig lik din. Amarela er ei fargerik beanie med eit stort smil!



branco
Hekla beanie i mjukt deilig garn. Beanien er handlaga av laushelteamet, dette gir den ein heilt unik utsjånad. Ingen vil ha ei beanie nøyaktig lik din. Branco er ei frisk og leiken beanie, for den kule!!


Vil du ha ei hue finn du dei på laushel.no

Del   


laushel på Folgefonna
Lagt til av Linda Mari Søndag 9. Mai 2010 22:14:19




Årets første tur over fjorden.
Litt før 0800 idag smatt me i oomphen og sat oss i bilen retning fonna. Bergen by bada i sol og det heile såg veldig lovande ut for ein herleg dag på ski. Jo nerare vi kom fergeleie i Tørrvikbygd jo mørkare vart himmelen og skyene låg tungt over fjella på andre sida av fjorden. Vi vart noko bekyma om det skulle bli så bra som først antatt. Men hei, vi får ski på beina og snø under skina, sol og pudder er vel strengt tatt ein bonus :) På veg opp fjellet dura vi gjennom skydekket til blå himmel og sol. Det her var jo slett ikkje feil dag!

Lite folk og deilig føre gjorde dagen perfekt. Vi anbefale deg virkelig å ta turen opp om du har anledning i næraste framtid. :)

Del   


Vi gir vekk 2 heildressar!
Lagt til av Linda Mari Lørdag 8. Mai 2010 14:20:23

Vil du vere med i trekninga av 2 heildressar?!

No er våren her og sommaren i anmarsj. For mange har sommarski sesongen alt komt i gang og vi vil feire det heile med å gi vekk 2 heildressar. Ta turen innom facebook sida vår og bli med!!

Del   


Verda er vid,
Lagt til av Jan-Idar Lørdag 8. Mai 2010 14:02:25

men Voss er vidare er det blitt sagt.

Etterspørselen etter vår heildress har vert stor på Voss og hos S Endeve Sport vart dei reve vekk.
I dag har laushelteamet vært på roadtrip til Voss å levert fleire dressar til dei. Er du på Voss? Ta turen innom da vel!

Del   


Bur du i Bergen?
Lagt til av Jan-Idar Torsdag 6. Mai 2010 21:27:46

Bestiller du fra vår nettbutikk kan du hente varene hos Bergen sykkelservice. Slik sparer du nokon kroner og du får dei litt før :)

Utolmodig?
Da kan du ta turen innom Steve Perryman Sport i Christian Michelsens gate 2b.

Del   


Vi har den rustorange dressen på lager!!
Lagt til av Linda Mari Torsdag 6. Mai 2010 20:50:45

Vi har fått inn eit bergensa antall av den rustorange heildressen. Du finn den i vår nettbutikk.

Del   


-in action!
Lagt til av Jan-Idar Fredag 30. April 2010 20:54:48


Bruk linkane rett under bildet for å navigere

Del   


Netthandelsprisane
Lagt til av Jan-Idar Lørdag 17. April 2010 01:25:33

Vær med å nominér oss til bring sin netthandelpris!

Meinar du laushel.no oppfyll krava for Årets nettbutikk, Årets nykommer eller Innovasjonsprisen?

Grunnlaget for bedømmelsen skal vær at nettstedet har god oversikt i kjøpsprosessen, god kundeservice og høg brukervennlighet.

Del   


Snart meir oomph!
Lagt til av Jan-Idar Fredag 16. April 2010 12:07:26

Vi ventar utolmodig på fleire heildressar, og veit det er fleire der ute som også gjer. Vi kjøyrer fremdeles lavt volum på våre produkt, så ver tidleg ute om du vil sikkre deg din heildress.

I veke 18 vil vi vere klar til å starte utsending av dressar igjen!! :)

Del   


Konkurranse
Lagt til av Linda Mari Onsdag 17. Mars 2010 21:55:13



Konkurranse på Facebook
I samarbeid med Voss Fjellandsby Skiskule og Voss Fjellandsby kjøyre vi ein taggekonkurranse på Facebook!! Tag deg sjølv og dine vener på bildet og bli med i trekning av eit gåvekort på laus-hel frikjøyring og eit dagskort i Myrkdalen hos våre samarbeidpartnarar.

Del   


Storleikstabell
Lagt til av Jan-Idar Fredag 5. Mars 2010 00:15:30


For å gjere valet av storleik enklare for oomphsuit og minioomph har vi laga til ein storleiksguide. Denne finn du under produktinformasjon for kvart produkt.

Denne guiden er meint som ei veiledning og for å gi deg ein ide om kor stor dressen er slik at du får den storleiken du ynskjer.

Del   


laushel tees
Lagt til av Linda Fredag 5. Mars 2010 00:10:05



Endeleg er dei første t-skjortene her!
Vi har klar ei handfull med t-skjorter på laushel.no. T-skjortene vil ikkje bli laga i meir enn 100 eksemplar kvar. Nokon limited t-skjorter vil kun bli laga i 10 eksemplar.

Del   


Oppdatert nettside
Lagt til av Jan-Idar Torsdag 4. Mars 2010 23:47:00

Vi har oppdatert nettsida vår!! Utvalet har vi utvida med t-skjorte og beanies. I tillegg har du no moglegheit for å lese ho på engelsk. Betaling kan du gjere via nett, som også gir deg fleire valg for levering. Ta ein titt innom!!

Del   


laushel og Voss Fjellandsby Skiskule
Lagt til av Jan-Idar Onsdag 3. Mars 2010 15:45:13


laushel har inngått samarbeid med Voss Fjellandsby Skiskule.

Vi ser fram til eit spennande samarbeid sammen med Jill og hennas instruktørar i tida som kjem.

Del   



«1 2 3 »

Copyright © 2009-2010 laushel. Alle rettigheter forbeholdes.